Stockport er ein by i Stor-Manchester i England. Han ligg rundt 10 kilometer sør for byen Manchester, på staden der elvane Goyt og Tame renn saman og dannar den kjende elva Mersey. Stockport er den største kommunen i Metropolitan Borough of Stockport, og hadde ved folketeljinga i 2001 eit innbyggjartal på 136 082.

Stockport

Utsyn frå Stockport Viaduct
Utsyn frå Stockport Viaduct
Utsyn frå Stockport Viaduct
Plassering
Stockport is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Stor-Manchester
Distrikt Stockport
Grunnlagd
Geografi
Flatevidd
 - By

29,5 km²
Innbyggjarar
 - By
   - folketettleik

136 082
  4 612,9 /km²
Koordinatar 53°24′N 2°9′W / 53.400°N 2.150°W / 53.400; -2.150
Diverse annan informasjon
Postnummer SK1-SK8, SK12
Telefon-retningsnummer 0161
Nettstad: www.stockport.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Stockport

Byen var historisk ein del av Cheshire. På 1500-talet var Stockport ein liten by som då i heilskapen sin låg på sørsida av Mersey, og var kjent for dyrking av hamp og framstilling av tau. På 1700-talet hadde byen ein av dei første mekaniserte silkefabrikkane i Storbritannia. På 1800-talet var likevel den leiande industriverksemda til Stockport innan bomull og tilknytte industriar. Stockport var òg senter for hatt-industrien i landet, og eksporterte i 1884 over seks millionar hattar per år. I desember 1997 vart den siste hattefabrikken i Stockport stengd. Hattehistoria til byen er bevart i hattemuseet «Hat Works».

Den vestlege innfarten til byen blir dominert av Stockport Viaduct. Han vart bygd i 1840 og viadukten har 27 teglsteinsbogar som fører hovudjernbanen frå Manchester til Birmingham og London over elva Mersey. Dette byggverket var bakgrunn på mange av måleria til L.S. Lowry.

Fotballaget til byen er Stockport County FC, som for tida (2010/11) spelar i Football League Two, det fjerde nivået i engelsk fotball. Dei spelar heimekampane sine på Edgeley Park.

Folketalsutvikling

endre
Folketalsutvikling i Stockport sidan 1901
År 1901 1911 1921 1931 1939 1951 1961 1971 1981 1991 2001
Folketal 92 832 108 682 123 309 125 490 134 132 141 650 142 543 139 598 136 792 132 813 136 082
County Borough 1901–1971[1]  · Urban Subdivision 1981–2001[2][3][4]

Venskapsbyar

endre

Kjende folk frå Stockport

endre

Kjelder

endre
  1. Stockport County Borough, Vision of Britain  Vitja 10. juli 2011
  2. 1981 Key Statistics for Urban Areas GB Table 1, Office for National Statistics, 1981 
  3. 1991 Key Statistics for Urban Areas, Office for National Statistics, 1991 
  4. KS01 Usual resident population: Census 2001, Key Statistics for urban areas, National Statistics, arkivert frå originalen 21. april 2007, henta 10. juli 2011 
  5. «Lord Norman Foster portrait». The Daily Telegraph. 8. august 2008. Henta 10. juli 2011. 
  6. «Peter Boardman Biography». Biographybase. Henta 10. juli 2011. 
  7. «Peter Butterworth biography». IMDb. Henta 10. juli 2011. 
  8. «Manchester Celebrities Television, Film, Media & Broadcasting (16): Dame Wendy Hiller OBE». Virtual Encyclopedia of Greater Manchester. Manchester UK, Papillon Graphics. Henta 10. juli 2011. 
  9. Matthew Davis (29. april 2009). «Pop sensation Sarah Harding is in control». Stockport Express. Henta 10. juli 2011. 
  10. David Cheal (18. september 2003). «Hurrah, it's the end of the world!». The Daily Telegraph. Henta 10. juli 2011. 
  11. «Will Mellor biography». IMDb. Henta 10. juli 2011. 
  12. «Dominic Monaghan biography». IMDb. Henta 10. juli 2011. 
  13. «Tim McInnerny Biography». Moviezen. Henta 10. juli 2011. 
  14. K.M. Whitehouse (2008). «Paul Morley mini biography». The Art of Noise Online. Henta 10. juli 2011. 
  15. Stockport Metropolitan Borough Council. «Fred Perry Way». Stockport.gov.uk. Henta 10. juli 2011. 
  16. «Double Boost for County». Stockport Express. 8. januar 2009. Henta 10. juli 2011. 
  17. «Paul Warhurst». Soccerbase.com. Henta 10. juli 2011. 
  18. «Sir Joseph Whitworth, Engineer». The Industrial Heritage of Britain. Peter J Whitehead. Henta 10. juli 2011. 
  19. «Manchester Celebrities - Philanthropy, Philosophy & Religion (2 of 5)». Papillon Graphics' Virtual Encyclopedia of Greater Manchester. John Moss, Papillon (Manchester UK) Limited. 14. mars 2009. Henta 10. juli 2011. 

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES