Strandbalderbrå
Strandbalderbrå (Tripleurospermum maritimum, tidlegare Matricaria maritima) er ein urt i korgplantefamilien.
Strandbalderbrå | |
Strandbalderbrå | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Stamme: | Anthemideae |
Slekt: | Balderbråslekta Tripleurospermum |
Art: | Strandbalderbrå T. maritimum |
Vitskapleg namn | |
Tripleurospermum maritimum |
Stenglane er glatte, utoverliggande eller oppståande og ofte raudbrune og nesten forveda nedst. Blada sit spreitt og er dobbelt eller tredobbelt fjørflika og kjøttfulle. Korgene sit einskildvis på ein lang stengel; dei har gul skive og kvite, utsperra randkroner. Blomstringstida er juni–september. Planten veks på havstrender.
Nokre botanikarar reknar strandbalderbrå som ein underart av ugrasbalderbrå (Tripleurospermum inodorum), men dei skil seg frå kvarandre både i kromosomtal og morfologi. Balderbrå er eittårig med opprett vekst og har 2n = 4x = 36 kromosom, medan strandbalderbrå er to- eller fleirårig med utoverliggande vekst og 2n = 2x = 18 kromosom.
Strandbalderbrå blir delt i tre underarter, som av og til blir rekna som sjølvstendige artar. Dei har følgjande utbreiing:
- tangbalderbrå (T. m. subsp. maritimum) – dei europeiske kystane mot Atlanterhavet og Austersjøen; i Noreg vanleg langs kysten nordover til Måsøy i Vest-Finnmark
- finnmarkbalderbrå (T. m. subsp. phaeocephalum) – sirkumpolar i arktiske og subarktiske strøk; i Noreg i Troms og Finnmark; tilfeldig ugras på Svalbard
- nordleg strandbalderbrå (T. m. subsp. subpolare) – Island, nordlege strøk i Eurasia; veks både på havstrand og i fjellet; i Noreg sørover til Buskerud; tilfeldig ugras på Svalbard
Litteratur
endre- C. Grey-Wilson; M. Blamey. Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlag. s. 408–409. ISBN 82-512-0355-4.
- «Kustbaldersbrå». Den virtuella floran. Arkivert frå originalen 5. juli 2022. Henta 3. desember 2017.
- W. Greuter. «Tripleurospermum maritimum». Henta 3. desember 2017.
- «Strandbalderbrå Tripleurospermum maritimum». Artsdatabanken. Henta 3. desember 2017.
- R. Elven m.fl. (red.) Tripleurospermum maritimum i Annotated Checklist of the Panarctic Flora (PAF): Vascular plants. Besøkt 3. desember 2017.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Strandbalderbrå hos Artsdatabanken
- (en) Strandbalderbrå – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Strandbalderbrå i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Strandbalderbrå hos Dyntaxa
- (en) Strandbalderbrå hos NCBI
- (en) Strandbalderbrå hos Panarctic Flora
- (en) Strandbalderbrå hos The International Plant Names Index
- (en) Strandbalderbrå hos Tropicos
- (en) Kategori:Tripleurospermum maritimum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Tripleurospermum maritimum – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Tripleurospermum maritimum – detaljert informasjon på Wikispecies