Stranraer
Stranraer (skotsk gælisk An t-Sròn Reamhar) er ein by i regionen Dumfries and Galloway i Skottland. Han har kring 11000 innbyggjarar.
Stranraer | ||
---|---|---|
skotsk-gælisk | An t-Sròn Reamhar | |
Stranraer sett frå Gallowhill | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | Skottland | |
Region | Dumfries and Galloway | |
Tradisjonelt grevskap | Wigtown | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
10 851 | |
Koordinatar | 54°54′N 5°2′W / 54.900°N 5.033°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | DG9 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1776 | |
Han ligg ved breidda av Loch Ryan, på nordsida av landtunga som knyter Rhins of Galloway med fastlandet. Det gæliske namnet tyder «Den feite nasen», ein referanse til utstikkaren han ligg ved som kan minne om ei stor nase.
Det er ferjesamband mellom Stranraer og Belfast, og tidlegare Larne i Nord-Irland.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stranraer» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2011.