Svenska folkpartiet
Svenska folkpartiet, forkorta Sfp, på finsk Ruotsalainen kansanpuolue (RKP), er eit politisk parti i Finland.
Svenska folkpartiet | |||
| |||
Land | Finland | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Anders Adlercreutz[1] | ||
Grunnlagt | 1906 | ||
Hovudkvarter | Helsingfors | ||
Medlemstal | 30 000 (2016) | ||
Ideologi | minoritetsrettigheter, liberalisme, proeuropeisk | ||
Politisk posisjon | sentrisme |
Partiet kallar seg «eit frisinna liberalt parti» som eksisterer «for alle som vil arbeida for eit Finland med to levande nasjonalspråk, svensk og finsk.»[2] Det er medlem i den internasjonale paraplyorganisasjonen Den liberale internasjonale, saman med mellom anna Venstre frå Noreg.
Historie
endrePartiet vart grunnlagt av Axel Lille i mai 1906.
Partiet har vore med i ymse koalisjonsregjeringar samanhengande sidan 1979, med ein eller to ministerpostar, i samarbeid med alle finske parti som har danna regjering sidan då. Partiet har ofte hatt posten som Nordisk samarbeidsminister.
Ved valet i 2011 fekk partiet 4,3 % av røystene. I Europaparlamentet har Svenska folkpartiet eitt medlem, Henrik Lax, som inngår i Alliansen av liberale og demokratar for Europa.
Valresultat ved riksdagsval
endre
|
|
Leiing
endrePartileiarar
endre- 1906–1917: Axel Lille
- 1917–1934: Eric von Rettig
- 1934–1945: Ernst von Born
- 1945–1955: Ralf Törngren
- 1955–1956: Ernst von Born
- 1956–1966: Lars Erik Taxell
- 1966–1973: Jan-Magnus Jansson
- 1973–1974: Kristian Gestrin
- 1974–1977: Carl Olof Tallgren
- 1977–1985: Pär Stenbäck
- 1985–1990: Christoffer Taxell
- 1990–1998: Ole Norrback
- 1998–2006: Jan-Erik Enestam
- 2006–2012: Stefan Wallin
- 2012–2016: Carl Haglund
- 2016– : Anna-Maja Henriksson
Kjelder
endre- ↑ «RKP:n johtoon nousee ministerien tulokärjessä ollut Anders Adlercreutz – tällainen hän on»; vitjingsdato: 17. juli 2024; kortnamn på forfattar: Pietu Heiskanen; utgjevingstidspunkt: 16. juni 2024.
- ↑ Frågor och svar Arkivert 2007-03-15 ved Wayback Machine.