For andre tydingar av oppslagsordet, sjå hyasint i geologi.

Svibel (Hyacinthos orientalis) eller hyasint er ein fleirårig laukplante i svibelslekta som er mykje brukt som prydplante. Blomane har sterk, søt lukt, og det finst ulike varietetar med mange ulike blomefargar. Planten har namn etter den greske sogefiguren Hyakinthos.

Svibel
Svibel
Svibel
Status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Scilloideae
Stamme: Hyacintheae
Understamme: Hyacinthinae
Slekt: Hyacinthus
Art: Svibel H. orientalis
Vitskapleg namn
Hyacinthus orientalis
Illustrasjon av ulike typar sviblar med lauk.

Svibel stammar frå Sørvest-Asia, og har vore dyrka i fleire hundreår. Han kan veksa på friland eller dyrkast i potter, særskide glas og liknande. Han er knytt til feiringa av persisk nyttår (navroz), der han ofte blir brukt til å pynta haft sin-bordet. I vestlege land som Noreg er det vanleg å driva han fram innandørs slik at han blomstrar ved juletider.

Allereie i 1768 var det kjend ca. 1800 sortar av sviblar. Særleg i Nederland har ein drive storstilt dyrking av planten, og landet er kjend for å produsera gode laukar.

Sviblar er rekna som giftige, og plantesafta deira kan vera irriterande. Den sterke lukta dei gjev frå seg kan også skapa allergiske reaksjonar.

I Noreg er svibel ein framandart som er kjend frå noke få funn i norsk natur.[1][2] I Framandartslista 2023 er arten rekna for å ha låg risiko (LO).[3]

Bilete

endre

Kjelder

endre
  1. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 220. 
  2. «Artsdatabanken: Svibel». Artsdatabanken. Henta 6. mars 2023. 
  3. «Fremmedartslista 2023: svibel Hyacinthus orientalis L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Svibel

  NODES
Idea 1
idea 1
INTERN 1