Tønsberg kommune
kommune i Vestfold fylke
Tønsberg er ein kommune i Vestfold fylke. Kommunen grensar mot Sandefjord og Larvik i vest, Horten og Holmestrand i nord og mot Færder i i sør. Aust for Tønsberg ligg Oslofjorden, og midtfjords grensar kommunen der mot Moss, Råde og Fredrikstad. Administrasjonssenteret er byen Tønsberg.
Tønsberg kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestfold | ||
Adm.senter | Tønsberg | ||
Areal | 329,26 km² | ||
• land | 326,47 km² | ||
• vatn | 2,79 km² | ||
Folketal | 59 174 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Frank Pedersen (H) | ||
Kommunenr. | 3905 | ||
Tønsberg 59°17′53″N 10°25′25″E / 59.298055555556°N 10.423611111111°E | |||
Kart som viser Tønsberg kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Tønsberg | |||
Nettstad: www.tonsberg.kommune.no |
Med eit innbyggjartal på per 1. januar 2024, er Tønsberg den syttande største kommunen i Noreg.
Høgaste punkt er Snippane på 399,6 moh.
Tønsberg by er kjend for Slottsfjellet, eit rikt kulturliv, Statens Park, i tillegg til Sjukehuset i Vestfold. Ein kjem seg til Tønsberg med bil, båt eller tog. Tønsberg er rekna som den eldste byen i Noreg, og her er òg ei av domkyrkjene i landet.
Kjende personar frå Tønsberg
endre- Anders Aukland, skiløpar
- Jon Bing, forfattar, professor
- Ronny Johnsen, fotballspelar
- Jahn Teigen, musikar og artist
- Ivar Christian Johansen (RAVI), programleiar, musikar og artist