The Weeknd

kanadisk musikkprodusent og songar

Abel Makkonen Tesfaye (fødd 16. februar 1990), betre kjend som The Weeknd, er ein canadisk R&B-sangar, songskrivar og musikkprodusent.[1] Låtane hans har motteke brei heider blant musikkritikarar for sin musikalske allsidigheit og mørke lyrikk.[2] Tekstane handlar ofte om kjærleik, frustrasjonar, festar o.l., ofte med direkte eller indirekte referansar til narkotika i songane hans. Sjølv om han hovudsakleg vert kategorisert som R&B, er han ein del av ein ny sjanger, som mellom anna Drake og Frank Ocean er ein del av – Alternativ R&B,[3][4] som innarbeider elektroniske og meir minimalistiske element. Tesfaye har motteke fleire prisar og utmerkingar gjennom karrieren sin, høvesvis tre Grammyprisar, seks American Music Awards, 19 Billboard Music Awards, to MTV Video Music Awards, 15 Juno-prisar, og har vore nominert til ein Oscar.[5]

The Weeknd

Fødd16. februar 1990 (34 år)
FødestadToronto, Scarborough
FødenamnAbel Makkonen Tesfaye
AliasThe Weeknd
OpphavCanada
Aktiv2009–
Sjangeralternativ R&B, pop, moderne R&B, Hiphop, new wave
Instrumentpiano, vokal, tangentinstrument, bassgitar, gitar, trommesett
PlateselskapRepublic Records, XO
Verka somsongar, låtskrivar, musikkprodusent, skodespelar, forretningsdrivande, songtekstforfattar
Sambuar medBella Hadid, Selena Gomez, Bella Hadid
PrisarJuno Award for Breakthrough Artist of the Year, Juno Award for R&B/Soul Recording of the Year, BET Centric Award, Grammy Award for Best Progressive R&B Album, Canada’s Walk of Fame, American Music Award, People's Choice Awards, MTV Europe Music Awards, Billboard Music Awards, Juno Award for Artist of the Year, Juno Award for Artist of the Year

Karriere

endre

Tesfaye byrja karrieren sin i 2009 ved å gjeva ut musikk på YouTube, under pseudonymet The Weeknd for å vera anonym. To år seinare var han med på å grunnleggja plateselskapet XO, der han gav ut dei kritikarroste mixteipane House of Balloons, Thursday og Echoes of Silence. Han oppnådde snøgt merksemd som fylgje av den dystre R&B-stilen og mystikken bak låtane og identiteten hans.[6] I 2012 inngjekk Tesfaye ein kontrakt med Republic Records, som attgav dei tre mixteipane i eit samlingsalbum – Trilogy.[7] Det fyrste albumet, Kiss Land vart gjeve ut i 2013. Singelen «Earned It» frå ljodsporet til filmen Fifty Shades of Grey (2015) vann ein Grammy for «Best R&B Performance» ('beste R&B framsyning') og vart nominert til ein Oscar for beste song.[8]

Tesfaye oppnådde kommersiell og kunstnerisk suksess med det andre studiealbumet hans Beauty Behind the Madness frå 2015. Albumet, som inneheldt singelane «Can't Feel My Face» og «The Hills», vart nr. 1 på amerikanske Billboard 200 og var blant det beste seljande album for det året. Albumet mottok ein Grammy for «Best Progressive R&B Album» ('beste progressive R&B album') og vart nominert til «Album of the Year» ('årets album').[9] Det tredje studiealbumet Starboy (2016) oppnådde likeeins kommersiell suksess og inneheldt singelen «Starboy», som nådde nr. 1 på singelhitlista. Starboy mottok òg ein Grammypris for «Best Urban Contemporary Album» ('beste samtidsalbum av ein fleirkulturell'). I 2020 vart det fjerde studiealbumet gjeve ut i ein new wave-pop stil. Albumet After Hours inneheldt nr. 1 hitane «Heartless», «Blinding Lights» og «Save Your Tears».[10]

Inspirasjon

endre

The Weeknd har vorte samanlikna med Prince til Michael Jackson, og han har sjølv uttala at han ser Jackson som den største vokalinspirasjonen sin, særskild songen «Dirty Diana».[11] I 2011 gav han ut eit cover av Michael Jackson sin megahit «Dirty Diana». Singelen «Blinding Lights» vart kjeven ut i november 2019, og har i etterkant skapa ein 'synthwave' som har inspirert mange artistar til å laga liknande songar.

Super bowl

endre

Den 7. februar 2021 opptredde The Weeknd på den største musikkscena i verda Superbowl halftimeshow. Her song han nokre av dei største hitane sine. Der vart òg gjeve ut eit samlingsalbum til høve. Albumet inneheldt songar frå både After hours, Starboy, Beauty behind the madness og dessutan House of balloons.[12]

Diskografi

endre

Studioalbum

endre
  • Dawn FM (gjeve ut av XO og Republic Records, 2022)
  • After Hours (gjeve ut av XO og Republic Records, 2020)
  • Starboy (eiga utgjeving, 2016)
  • Beauty Behind the Madness (2015)
  • Kiss Land (eiga utgjeving, 2013)

Mixteipar

endre
  • House of Balloons (eiga utgjeving, 2011)
  • Thursday (eiga utgjeving, 2011)
  • Echoes of Silence (eiga utgjeving, 2011)

EP-ar

endre
  • My Dear Melancholy (EP, gjeven ut av XO og Republic Records, 2018)

Remix

endre
  • «Shake It Out» (The Weeknd remix med Florence and the Machine)

Singelar

endre
  • «Save Your Tears» (remix med Ariana Grande, 2021)
  • «Save Your Tears» (2021)
  • «In Your Eyes» (2020)
  • «Blinding Lights» (2019)
  • «Heartless» (2019)
  • «Starboy» (2016)
  • «Earned it» (2016) Fifty shades of Grey ljodspor
  • «In The Night» (2015)
  • «The Hills» (2015)
  • «Can't Feel My Face» (2015)
  • «Often» (2014)
  • «Live For» (2013)
  • «Belong To The World» (2013)
  • «Kiss Land» (2013)
  • «Wicked Games» (2012)

Kjelder

endre
  1. Eells, Josh (21. oktober 2015). «Sex, Drugs and R&B: Inside The Weeknd's Dark Twisted Fantasy». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 15. juni 2018. 
  2. McDuffie, Candace (23. november 2016). «5 Reasons the Weeknd Is Redefining Music». Teen Vogue (på engelsk). Henta 23. desember 2021. «Born Abel Tesfaye, The Weeknd is a provocative and groundbreaking artist with a vocal style that simultaneously channels the greats, putting the Toronto native in a league of his own. Not only does he champion and embrace individuality, he chooses to be both lyrically and sonically daring. The Weeknd’s creative approach to music is uniquely appealing because he offers a form of escapism; he is able to transport you to the exact moments he sings about through his use of explicit detail.» 
  3. Castro, A. (5. januar 2022). «What genre is The Weeknd?». The Sun. Henta 17. desember 2022. 
  4. Ruff, R. (2. november 2022). «How Did Hip-Hop And R&B Become One Genre?». Essence. Henta 17. desember 2022. 
  5. «The Weeknd». Grammy Awards. Arkivert frå originalen 19. april 2017. 
  6. «House of Balloons – The Weeknd». Metacritic. Arkivert frå originalen 7. januar 2021. 
  7. «Anmeldelse på Gaffa.dk». Arkivert frå originalen 7. september 2013. Henta 29. december 2012. 
  8. Cox, Jamieson (28. februar 2016). «Watch The Weeknd reenact the "Earned It" video on the Oscar stage». The Verge (på engelsk). Henta 9. november 2021. 
  9. «59th Annual GRAMMY Awards». 59th Annual Grammy Awards. 28. november 2017. Arkivert frå originalen 31. januar 2018. 
  10. McIntyre, Hugh. «The Weeknd Scores The Largest Streaming Week Ever For An R&B Album». Forbes (på engelsk). Henta 26. november 2021. 
  11. Aswad, Jem; Aswad, Jem (8. april 2020), «The Weeknd Opens Up About His Past, Turning 30 and Getting Vulnerable on ‘After Hours’», Variety (på engelsk), henta 17. desember 2022 
  12. https://www.dr.dk/musik/episk-eller-gennemsnitligt-super-bowl-show-faar-lunken-modtagelse

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: The Weeknd
  NODES