Tom Clancy
Thomas Leo Clancy Jr (12. april 1947–1. oktober 2013) skreiv under namnet Tom Clancy og var ein amerikansk forfattar, kjend for sine politiske og militære spenningsromanar frå den kalde krigen.
Tom Clancy | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 12. april 1947 Baltimore |
Død |
1. oktober 2013 (66 år) |
Yrke | skribent, romanforfattar, faglitterær forfattar, prosaforfatter, manusforfattar |
Politisk parti | Det republikanske partiet |
Sjanger | politisk thriller |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Ektefelle | Wanda Thomas King, Alexandra Marie Llewellyn |
Tom Clancy på Commons |
Biografi
endreClancy vart fødd i Baltimore. Han studerte engelsk litteratur ved Loyola College der han fullførte i 1969. I newsgruppa alt.books.tom-clancy fortalde han at han studerte litteratur av di han ikkje var smart nok til å studere fysikk. Før han debuterte som forfattar jobba han ei stund i forsikringsbransjen.
Jakten på «Rød Oktober» er Tom Clancys debutroman. Den er ei av mange bøker som har vorte filmatisert. Han grunnla òg selskapet Red Storm Entertainment, som har produsert ei rekkje dataspel med Tom Clancy sitt namn.
Etter terroråtaka 11. september 2001 var Tom Clancy blant dei som forsvara islam, til manges overrasking. Han har òg stilt seg kritisk til den amerikanske krigen mot Irak.