Tong
reiskap
Tong (av norrønt tǫng) er ein reiskap sett saman av to delar som dannar eit kryss og kan brykast til å gripa, halda eller klippa med.[1] Tenger består av ein kjeft og to handtak. Pinsett er ein reiskap som overlappar tong i funksjon og definisjon. Ei klype kan valfritt definerast som ein variant av ein av desse.
Døme på tenger er:
- Avisoleringstong – for avisolering av leidningar
- Avbitartang – for å klippa og avisolera leidningar
- Kombinasjonstong – kjeft med rund del, flat del og avbitar
- Låsetong – for å tvinna og klippa låsetråd ved låsing av boltar osb.
- Rundtong – for detaljarbeid
- Spisstong – for detaljarbeid, gjer det lettare å komma til på tronge stader. Finst i både rette og skeive variantar.
- Spenntong – for å halda fast emne
- Telefontong – flate kjevar og avbitarmekanisme.
- Vannpumpetong – justerbar gripvidde
Kjelder
endre- Alt om bilen, Det Beste A/S, 1974, ISBN 82-7010-036-6
- Denne artikkelen bygger på «Tang (redskap)» frå Wikipedia på bokmål, den 5. april 2022.