Trollflaggermus

pattedyrart

Trollflaggermus (Pipistrellus nathusii) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever over det meste av Europa, frå Storbritannia i vest til Kaspihavet i aust og nord til Sør-Skandinavia.[2] I Finland vart arten for første gong registrert i 2006.[3] I Noreg er arten kjend frå nokre funn på Vestlandet og Sørlandet. Trollflaggermusa har til og med vore observert langt til havs på Trollfeltet.[4] Han er ein av dei flaggermusartane i Europa som trekkjer lengst, og den norske bestanden er neppe i Noreg om vinteren. Kor mange trollflaggermus som finst i Noreg, er vanskeleg å fastslå.[1]

Trollflaggermus
Trollflaggermus
Trollflaggermus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av trollflaggermus
Utbreiinga av trollflaggermus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Flaggermus Chiroptera
Familie: Glattnasefamilien Vespertilionidae
Slekt: Pipistrellus
Underslekt: Pipistrellus
Art: Trollflaggermus P. nathusii
Vitskapleg namn
Pipistrellus nathusii

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av trollflaggermus Pipistrellus nathusii for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022. 
  3. Paunović, M. & Juste, J. 2016. Pipistrellus nathusii. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T20184A115156920. Henta 21. juni 2022
  4. «Fant trollflaggermus på Troll», e24.no (på norsk bokmål), henta 10. oktober 2021 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trollflaggermus
  NODES