Tvisyn viser til det å ha to synspunkt på ei sak.[1] Omgrepet kan brukast negativt, om å vera usikker og vaklande, eller positivt, om å vera gjennomtenkt og nyansert. Ambivalens (av latin ambo, ‘begge’ og valentia, ‘styrke’) er eit tilsvarande omgrep om å ha fleire meiningar eller kjensler som kan vera motstridande.[2]

Innan klinisk psykiatri og psykologi kan ein kalla ei manglande evne til å ta stilling og val «ambivalens». Dette er noko ein kan sjå ved nokre psykiske lidingar, som schizofreni.[2]

I norsk litterær samanheng blir «tvisyn» særleg til forfattaren Aasmund Olavsson Vinje,[3] som innførte omgrepet i Ferdaminne.[4]

Kjelder

endre
  1. «tvisyn» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 Malt, Ulrik (29. juni 2024). «ambivalens – psykisk helse». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  3. Reidar Dale (26. oktober 2018). «200-årsjubileum: Med tvisyn på Vinje». Apollon. 
  4. «Tvisyn» i Det Norske Akademis ordbok
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES