Uluru eller Ayers Rock er ein fjellformasjon som ligg i Nordterritoriet i sentrale Australia, i Uluru-Kata Tjuta nasjonalpark. Fjellet er heilag for fleire anangufolk (aboriginarar), og har mykje bergkunst. Det har også blitt eit nasjonalt symbol for Australia, og er rekna som verdsarv av UNESCO.

Uluru
klippe
Land  Australia
Kart
Uluru
25°20′42″S 131°02′10″E / 25.345°S 131.03611111111°E / -25.345; 131.03611111111
Wikimedia Commons: Uluru

Uluru-fjellet er ein inselberg-monolitt av arkose-sandstein. Det er 335 meter høgt og forma som ein oval med ei lengd på 3,6 km og vidde på 2 km. Det har som regel ein raudleg let, men ser ut til å skifta farge ut frå tida på dagen, vêr og årstid. Ved solnedgang blir fjellet djupraudt ein augneblink, medan i sjeldan regnvêr blir det sjåande sølvgrått ut.

Bergkunst på Uluru.
Skydekt Uluru.
Uluru frå lufta.

Namnet «Uluru» kjem frå pitjantjatjara, og har inga anna tyding på dette språket. I 1873 gav landmålaren William Gosse det namnet «Ayers Rock» etter den dåverande kolonisekretæren for Sør-Australia, sir Henry Ayers. Dette blei det vanlegaste namnet på engelsk, men i 1993 vedtok ein å kalla fjellet «Ayers Rock/Uluru». I 2002 blei det offisielle namnet snudd til «Uluru/Ayers Rock» etter førespurnad frå turistnæringa i Alice Springs.[1]

Fjellet har sidan 1985 høyrd til aboriginarane, men er leigd ut til dei australske styresmaktene i ein 99-årskontrakt. Det er tabu for lokale aborignarar å gå opp på fjellet, men mange turistar klatrar likevel opp på det.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  • Denne artikkelen bygger på «Uluru» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mai 2011.
  • «Uluru/Ayers Rock», Encyclopædia Britannica, 2011.
Fotnotar

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Uluru
Uluru nær solnedgang.

25°20′43″S 131°02′04″E / 25.34528°S 131.03444°E / -25.34528; 131.03444

  NODES
os 2