Val-d'Oise

franske departement
Val-d'Oise
Våpenskjoldet til Val-d'Oise
Plassering
[[Fil:|180px|Plasseringa til Val-d'Oise i Frankrike]]
Administrasjon
Departmentnummer: 95
Region: Île-de-France
Préfecture: Pontoise
Sous-préfectures: Argenteuil
Sarcelles
Arrondissement: 3
Kantonar: 39
Kommunar: 185
Président du conseil général: Arnaud Bazin
Statistikk
Folketal Rangering 15.
 -2005 1 147 984
Folketettleik: 921/km²
Landareal¹: 1 246 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Val-d'Oise er eit departementet nord i sentrale delar av Frankrike. Departementet ligg i regionen Île-de-France, og er kalla opp etter elva Oise

Historie

endre

Val-d'Oise vart oppretta då dei tidlegare departementa Seine og Seine-et-Oise vart delt opp i seks departement i 1968.

Geografi

endre

Departementet er i dag ein del av regionen Île-de-France og grensar til departementa Oise, Seine-et-Marne, Seine-Saint-Denis, Hauts-de-Seine, Yvelines og Eure.

Departementet ligg like nord og nordvest for storbyområdet til Paris. Vest for préfectureet Pointoise ligg elva Oise i eit meir landleg område, medan flyplasen Roissy-Charles-de-Gaulle ligg aust for byen.

Demografi

endre

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Val-d'Oisiens.

Største kommunar

endre

Dei største kommunane (meir enn 25 000 innbyggjarar etter ei folketeljing i 1999) er: Argenteuil, Sarcelles, Cergy, Garges-lès-Gonesse, Franconville, Ermont, Pontoise, Goussainville, Bezons, Villiers-le-Bel, Taverny og Sannois.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Val-d'Oise
  NODES
multimedia 1