Valais (fransk) eller Wallis (tysk) er ein kanton i den sørvestlege delen av Sveits. I 2018 hadde han om lag 345 000 innbyggjarar. Valais er eit alpeområde som grensar til Frankrike (Rhône-Alpes) i vest og til Italia (Aostadalen og Piemonte) i sør. Valais har felles grenser med kantonane Vaud, Bern, Uri og Ticino.

Valais
Vallese, Vallais, Wallis
kanton
Symbol
Forkorting: VS
Land  Sveits
Del av Genfersjøregionen, Romandie
Hovudstad Sion
Høgaste punkt Dufourspitze/Pointe Dufour
 •  høgd 4 634 moh.
Areal 5 224,50 km²
Folketal 343 955 (31. desember 2018)[1]
Kanton sidan 1815
Språk fransk (63 %), tysk (28 %)
Kart
Valais
46°16′30″N 7°30′00″E / 46.275°N 7.5°E / 46.275; 7.5
Kart som viser Valais.
Kart som viser Valais.
Kart som viser Valais.
Wikimedia Commons: Canton of Valais

Geografi

endre

Elva Rhône (tysk Rotten) renn gjennom midten av Valais. Ho startar frå kjelda ved Rhonebreen og renn vestover til Genèvesjøen. Valais er mesta identisk med nedslagsfeltet til Rhône for denne delen av elva.

Mot nord går grensa til Valais gjennom Bern-Alpane og Vaud-Alpane, i sør ligg Wallis-Alpane med mange av dei høgaste fjella i Sveits: Dufourspitze (4 634 m), Dom (4 545 m), Liskamm (4 527 m), Weisshorn (4 505 m), Täschhorn (4 491 m) og Matterhorn (4 478 m). Sidan Valais ligg inne mellom desse fjellkjedene, er klimaet varmt og tørt. Store delar av kantonen har steppeklima. Dei tre største isbreane i Alpane, Aletschgletscher, Gornergletscher og Fieschergletscher, ligg i Valais.

Folk, språk og religion

endre

I Øvre Valais (Oberwallis, Haute Valais) blir det snakka ei alemannisk dialekt av tysk (höchstalemannisch), i Nedre Valais (Bas Valais, Unterwallis) blir det snakka fransk og frankoprovençalsk. Totalt talar om lag 60 % av innbyggjarane fransk (eller frankoprovençalsk), 30 % tysk og 3 % italiensk.

Kantonen sine offisielle språk er fransk og tysk. Kommunane vel anten fransk eller tysk som administrasjonsspråk.

81 % av innbyggjarane er katolikkar (2000), 6 % er protestantar. Andre utgjer 13 %.

Dei fleste medlemmene av Sveitsargarden blir rekruttert frå Valaisområdet.

Distrikt og kommunar

endre

Valais består av 153 kommunar i 14 distrikt. Med unnatak av Raron, som har vorte delt i to, tilsvarar desse distrikta dei 13 opphavlege kommunane (Zehnden) som danna Wallis, og som er symbolisert ved dei 13 stjernene i kantonvåpenet. Distrikta er:

Dei største byane er:

Politikk

endre

Parlamentet i kantonen er Grosser Rat/Grand Conceil, som er sett saman av 130 folkevalde representantar. Ved dei to siste vala oppnådde partia denne representasjonen:

Dei kristeleg-konservative partia CVP og CSP styrer med absolutt fleirtall. Dei har hatt eit slikt fleirtall dei siste 150 åra.

Regjeringa er statsrådet (Staatsrat/Conceil d'Etat), som har 5 direkte folkevalde medlemmer (3 CVP, 1 FDP, 1 SP).

Historie

endre

Valais vart i løpet av det første tusenåret i vår tidsrekning kolonialisert frå to hald: Mens burgundarar slo seg ned i vest (Nedre Valais), vart Øvre Valais (i aust) kolonialisert av alemannar. Frå denne tida stammar skiljet mellom det tyskspråklege Øvre og det fransktalande Nedre Valais. I 999 overlèt kong Rudolf III av Burgund Valais til biskopen i Sitten (Sion), som i 1032 vart opphøgd til riksfyrste av det tysk-romerske riket. Etter lang tids ufred vart Valais i 1301 delt mellom hertugdømmet Savoie (som fekk Nedre Valais) og biskopen i Sitten (som beheldt Øvre Valais).

Øvre Valais, som på denne tida var sett saman av sju ganske sjølvstendige bondekommunar (såkalla Zehnden), vart i 1416 ein «vennlegsinna stad» (zugewandter Ort, dvs. forbundsfelle) av det sveitsiske edsforbundet. I 1475 erobra Øvre Valais Nedre Valais og gjorde det til sin vasallstat (Untertanenland). Innbyggjarane i Nedre Valais fekk først medbestemmingsrett i 1799. Frå 1810 til 1815 var Valais (samla) eit fransk distrikt og vart etter dette ein sveitsisk kanton.

Kjende personar

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Valais
  NODES
admin 1