Vansjøen (tyrkisk Van Gölü, armensk Վանա լիճ Vana lich eller Vana Lij, kurdisk Gola Wanê[2][3] er den største innsjøen i Tyrkia, heilt aust i landet i provinsen Van. Han er ein salthaldig kolsyrehaldig innsjø som får vatn frå mange fjellbekkar frå dei omkringliggande fjella. Vansjøen er ein av dei største endorheiske innsjøane (innsjø utan utløp) i verda. Det opphavlege utløpet vart blokkert av eit eldgamalt vulkanutbrot. Sjølv om Vansjøen ligg 1640 meter over havet med harde vintrar, frys han ikkje til på grunn av det høge saltinnhaldet. Den grunne, nordlege delen av innsjøen kan likevel stundom fryse til.[4]

Vansjøen
innsjø
Frå verdsrommet, september 1996
(toppen av biletet er om lag nordvest)
Land  Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Tilsig Karasu, Hoşap, Güzelsu, Bendimahi,
Zilan og Yeniköprü[1]
Utløp ingen
Nedslagsfelt 12 500 km²
Byar Van
Koordinatar 38°38′N 42°49′E / 38.633°N 42.817°E / 38.633; 42.817
Lengd 119 km
Høgd 1 640 m
Areal 3 755 km²
Volum 607 mill m³
Innsjøtype saltsjø
kystlengd 430 km
øyar Akdamar,
Çarpanak Adası (İçeriçarpanak),
Adırøya (Lim),
Kuşøya (Arter)
Kart
Vansjøen
38°38′00″N 42°49′00″E / 38.633333333333°N 42.816666666667°E / 38.633333333333; 42.816666666667
Kart som viser Vansjøen.
Kart som viser Vansjøen.
Kart som viser Vansjøen.
Wikimedia Commons: Lake Van
Akdamarøya og Den armenske katedralen av den heilage krossen, ei kyrkje frå 900-talet og eit klosterområde. Den sovande vulkanen Süphan ligg i bakgrunnen.

Vansjøen er 119 km på det breiaste og har ei middeldjupne på 171 meter. På det djupaste er han 451 meter.[5] Sjøoverflata ligg 1640 meter over havet og kystlengda er 430 km. Vansjøen har eit areal på 3 755 km² og eit volum på 607 km³. Vestdelen av innsjøen er den djupaste med eit stort basseng som er djupare enn 400 meter nordaust for Tatvan og sør for Ahlat. Austdelen av innsjøen er grunnare. Vatnet i innsjøen er særs alkalisk (pH 9,7–9,8) og rikt på natriumkarbonat og andre salt, som vert utskilt ved ordamping og nytta som reinsemiddel.[6]

Utløpet til innsjøen vart blokkert ein gong i pleistocen, då lavastraum frå Nemrut hadde utbrot. Den no sovande vulkanen ligg nær vestenden av innsjøen. Ein annan sovande stratovulkan, Süphan Dağı ligg på nordsida av innsjøen.

Den sovande vulkanen Çadır sett frå Akdamarøya

Økologi

endre

Den einaste fisken ein kjenner til som lever i Vansjøen er ein fisk kjend som darekh (Chalcalburnus tarichi),[7] ein karpefisk i slekt med årbuk og gullbust, som kan fangast på våren. I mai og juni trekker desse fiskane bort frå innsjøen til mindre alkalisk vatn.

Det er registrert mykje planteplankton i innsjøen som flagellatar, kiselalgar, bakteriar, cyanobakterie, grønalge og brunalge. Det er òg registrert 36 artar dyreplankton som hjuldyr, vasslopper og hoppekreps i innsjøen.[8]

I 1991 oppdaga forskarar ein 40 meter høg stromatolitt i Vansjøen. Desse er solide tårn på botn av innsjøen skapt av matter av kuleforma cyanobakteriar som dannar aragonitt i kombinasjon med kalsitt i vatnet.[9]

Kring Vansjøen finn ein òg den sjeldne kattearten vankatten, som mellom anna er kjend for den uvanlege fascinasjonen sin for vatn.

Sidan kring 1995 har det vore rapportar om ein sjøorm på kring 15 meter, kalla Van Gölü Canavarı (Monsteret i Vansjøen).

Innsjøen er omgjeve av jordbruksområdet der vert dyrka frukt og korn.

Øyar

endre

Kjelder

endre
  1. Coskun, M.; Musaoğlu, N. (2004), «Proceedings of the 20th Congress of the International Society for Photogrammetry and Remote Sensing» (PDF), Investigation of Rainfall-Runoff Modelling of the Van Lake Catchment by Using Remote Sensing and GIS Integration, arkivert frå originalen (PDF) 3. oktober 2008, henta 16. august 2012 
  2. Rojnameya AVESTA Arkivert 2013-09-27 ved Wayback Machine.. Avestakurd.net. Retrieved on 27 September 2010.
  3. Kîne em ? – CD 5 Arkivert 2012-07-12 ved Wayback Machine.. Institutkurde.org.
  4. The New Encyclopædia Britannica, Vansjøen
  5. Degens, E.T.; Wong, H.K.; Kempe, S.; Kurtman, F. (June 1984), «A geological study of Vansjøen, eastern Tyrkia», International Journal of Earth Sciences (Springer) 73 (2): 701–734, doi:10.1007/BF01824978, arkivert frå originalen 16. juni 2009, henta 16. august 2012 
  6. Sari, Mustafa (2008), «Threatened fishes of the world: Chalcalburnus tarichi (Pallas 1811) (Cyprinidae) living in the highly alkaline Lake Van, Turkey», Environmental Biology of Fishes (Springer Netherlands) 81 (1): 21–23, doi:10.1007/s10641-006-9154-9. 
  7. Journal; Fish Physiology and Biochemistry[daud lenkje]
  8. Selçuk 1992
  9. Kempe, S.; Kazmierczak, J.; Landmann, G.; Konuk, T.; Reimer, A.; Lipp, A. (14 February 1991), «Largest known microbialites discovered in Lake Van, Turkey», Nature 349 (6310): 605–608, doi:10.1038/349605a0 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Vansjøen
  NODES
Intern 2
mac 2
os 4