West Coast Region i Gambia

West Coast Region (tidlegare Western Division og Western Region) er ei av seks forvaltingseininga i den vestafrikanske staten Gambia. Regionen tilsvarer Local Government Area Brikama.

West Coast Region
region
Land  Gambia
Kart
West Coast Region i Gambia
13°15′00″N 16°19′00″W / 13.25°N 16.316667°W / 13.25; -16.316667

Geografi

endre

Regionen på 1764 km², som har administrasjonssete i Brikama (84 608 innbyggjarar), er vidare delt inn i ni distrikt. Med 594 854 innbyggjarar (berekna i 2013[1]) er han den tettast folkesette regionen i Gambia. Regionen strekker seg frå Atlanterhavskysten sør for Gambiaelva til Lower River Region i aust.

Distrikt

endre

Dei ni distrikta er Kombo North, Kombo South, Kombo Central, Kombo East, Foni Brefet, Foni Bintang-Karanai, Foni Kansala, Foni Bondali og Foni Jarrol.

Busetnader

endre

Dei ti største busetnadane i regionen er:

  • Brikama, 84 608
  • Lamin, 39 183
  • Nema Kunku, 36 134
  • Brufut, 31 749
  • Sukuta, 31 674
  • Gunjur, 22 244
  • Wellingara, 16 116
  • Busumbala, 13 292
  • Yundum, 13 021
  • Mandinari, 12 572

Folkesetnad

endre

Ifølgje folketeljinga frå 1993[2] er den største folkegruppa i regionen mandinka, med ein andel på rundt fem tidelar, følgd av fulaniar og voloffolk. Fordelinga i detalj er: 45,3 % mandinka, 11,4 % fulani, 5,8 % volof, 27,1 % jola, 1,2 % serahule, 2,3 % serer, 0,3 % aku, 4,0 % manjago, 0,4 % bambara og 2,2 % andre folkeslag.

Historie

endre

På slutten av 2007 gjekk Gambia gjennom ein administrativ reform der Western Division blei gjort om til Western Region. I oktober 2010 blei namnet på Western Region endra til West Coast Region for å betre spegla karakteren til regionen.[3]

Kjelder

endre
  1. West Coast Region (Gambia) , bevoelkerungsstatistik.de, vitja mai 2013
  2. «Population by Ethnicity, by Settlement and Local Government Area. (Gambians Only)» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 13. november 2012. 
  3. «New name for Western Region». The Daily Observer. 20. oktober 2010. Arkivert frå originalen 27. juli 2011. 
  NODES
admin 2