Who the Hell Is Edgar?

«Who the Hell Is Edgar?»
Song av Teya og Salena

Land Austerrike
Språk Engelsk
Utgjeve 8. mars 2023
Sjanger Pop
Lengd 02:39
Selskap Warner Music Germany
Komponist Teya, Salena, Pele Loriano
Låtskrivar(ar) Teodora Špirić, Selina-Maria Edbauer, Ronald Janeček, Pele Loriano

«Who the Hell Is Edgar?» (norsk omsetjing ‘kven i helvete er Edgar?’) er ein song med den austerrikske duoen Teya og Salena. Sangen blei gjeven 8. mars 2023 og var det austerrikske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen

endre

«Who the Hell Is Edgar?» er skriven av duoen sjølv, beståande av Teodora Špirić og Selina-Maria Edbauer. Dei skreiv songen saman med låtskrivarduoen Ronald Janeček og Pele Loriano, som også produserte låten. Songen blei til under ein låtskrivarleir i Tsjekkia.[1]

Songen blei gjeven ut 8. mars 2023, på den internasjonale kvinnedagen. Ifølgje artistane er ikkje låten nokon «feministisk hymne, men eit morosam augneblinksbilete av ein dialog mellom to venninner». «Edgar» i tittelen peikar til den amerikanske skribenten, poeten og litteraturkritikaren Edgar Allan Poe.[2] I teksta hevdar songarane at attergangaren av Poe har teke kroppane deira. Han lagar eit lyrisk meisterverk gjennom dei, ein song som er så spesiell at han kan gjere dei rike.[3] Teksta er vidare eit satirisk spark til musikkindustrien og summane som artistar får utbetalt gjennom strøyming og sal.[3] Blant anna trekkjer dei fram talet 0,003, som er dollar-beløpet som artistar får for kvar strøyming på Spotify.[4]

Eurovison Song Contest

endre

«Who the Hell Is Edgar?» blei internt vald av den austerrikske kringkastaren ORF til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2023. Austerrike deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «Who the Hell Is Edgar?» nummer to og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[5] Dette var fyrste gongen sidan 2018 at Austerrike kvalifiserte seg til ein Eurovision-finale. I finalen opna Austerrike showet og blei nummer 15 av 26 bidrag.[6]

Listeplasseringar

endre
Liste (2023) Høgaste
plassering
  Australia (ARIA)[7] 43
  Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[8] 4
Finland (Suomen virallinen lista)[9] 20
  Hellas (IFPI)[10] 26
  Irland (IRMA)[11] 67
  Island (Plötutíðindi)[12] 12
  Litauen (AGATA)[13] 10
  Nederland (Single Tip)[14] 2
  Polen (Polish Streaming Top 100)[15] 51
  Sverige (Sverigetopplistan)[16] 79
UK Singles (Official Charts Company)[17] 48

Kjelder

endre
  1. «SongContest: Geheimnis gelüftet: Ex-Starmaniacs singen für Österreich | Kleine Zeitung». www.kleinezeitung.at (på tysk). 31. januar 2023. Henta 27. mars 2023. 
  2. «Österreichfragt beim Song Contest: Who the hell is Edgar?». oe3.ORF.at (på tysk). Henta 27. mars 2023. 
  3. 3,0 3,1 Shokayan, Antranig (10. mars 2023). «"Gas station champagne is on me" — Teya & Salena satirise the music industry in the "Who the Hell Is Edgar?" lyrics». wiwibloggs (på engelsk). Henta 27. mars 2023. 
  4. «0.003number used in Austria's Eurovision song has a very important meaning». LADbible (på engelsk). 13. mai 2023. Henta 18. mai 2023. 
  5. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  6. «Teya& Salena». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  7. «The ARIA Report: Week Commencing 22. mai 2023». The ARIA Report (Australian Recording Industry Association) (1733): 9. 22. mai 2023. 
  8. «SingleCharts vom 23. Mai 2023». Ö3 Austria Top 40. 8. november 2019. Henta 23. mai 2023. 
  9. "Finnishcharts.com – Teya & Salena – Who the Hell Is Edgar?". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  10. «IFPI Charts». ifpi.gr. Arkivert frå originalen 25May 2023. Henta 24. mai 2023. 
  11. «IRMA– Irish Charts». Irish Recorded Music Association. Henta 20. mai 2023. 
  12. «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Henta 21. mai 2023. 
  13. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  14. «DutchSingle Tip 20/05/2023». dutchcharts.nl (på nederlandsk). Henta 20. mai 2023. 
  15. «OLiS– oficjalna lista sprzedaży – single w streamie» (Select week 12.05.2023–18.05.2023.) (på polsk). OLiS. Henta 26 May 2023. 
  16. «VeckolistaSinglar, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023. 
  17. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  NODES
Association 2
Intern 2
musik 1
os 2