Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 46, 2022
Qatar er eit suverent land i Sørvest-Asia, på den vesle Qatarhalvøya på nordaustkysten av Den arabiske halvøya. Det einaste grenselandet er Saudi-Arabia i sør, medan resten av landet er omslutta av Persiabukta. Eit sund i Persiabukta skil Qatar frå den nærliggjande øya og kongedømet Bahrain. I 2013 hadde Qatar 1,8 millionar innbyggjarar: 278 000 qatararar og 1,5 millionar utlendingar.
Qatar er ein høgintektsøkonomi med den tredje største naturgass- oljereserven i verda. Landet har den høgaste inntekta per innbyggjar i verda. Qatar er ein viktig deltakar i den arabiske verda, og støtta fleire opprørsgrupper under den arabiske våren både økonomisk og gjennom den globale mediagruppa Al Jazeera Media Network. Trass i storleiken på landet har Qatar stor makt i verda og vert rekna som ei mellommakt. Les meir …