William Beveridge
William Henry Beveridge (fødd 5. mars 1879 i Rangpur, daud 16. mars 1963 i Oxford) var ein britisk økonom.
William Beveridge | |||
| |||
Fødd | 5. mars 1879 Rangpur | ||
---|---|---|---|
Død | 16. mars 1963 Oxford | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | samfunnsøkonomi | ||
Yrke | samfunnsøkonom, politikar, statistikar, skribent | ||
Institusjonar | University of London | ||
Alma mater | Balliol College University College Charterhouse School | ||
Ektefelle | Jessy Janet Philip | ||
Medlem | Royal Statistical Society Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina |
Beveridge tenestegjorde 1908-16 i Board of trade, og tilhøyrde frå 1925 kolkommisjonen. Han tilhøyrde 1906-08 òg redaksjonen av Morning post og var frå 1919 leiar for London School of Economics and Political Science.
Det mest kjende arbeidet hans er The Beveridge report, som blei skriven i løpet av andre verdskrigen. Rapporten, som mellom anna tek for seg sosialforsikring og socialbidrag, påverka oppbygginga av velferdsstaten i fleire land.[1]
Hovudtanken i planen var å gje befolkninga eit grunnleggjande sosialt vern gjennom eit system av obligatoriske avgiftsbelagte forsikringar, som skulle administrerast av staten. I modifisert form blei planen grunnlag for sosialpolitikken utforma av den første regjeringa til det britiske arbeidarpartiet etter andre verdskrigen.
Beveridge blei adla i 1946 til Baron of Tuggal.[1]
Bibliografi
endre- Unemployment: a problem of industry (1909)
- The public service in war and in peace (1920)
- British food control (1928)
Litteratur
endre- Paul Addison, The Road to 1945 (Jonathan Cape, 1975).
- Janet Beveridge, Beveridge and His Plan (Hodder & Stoughton, 1954).
- Jose Harris, William Beveridge. A Biography (Clarendon Press, 1997).
- The Beveridge Report and the Development of British Social Security, Tom Yee-Huei Chin, Sun Yat-Seen Institute for Social Sciencis and Philosophy, Academia Sinica Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
Kjelder
endre- Svensk uppslagsbok. Malmö 1939
- Denne artikkelen bygger på «William Beveridge» frå Wikipedia på svensk, den 20. august 2020.