Zhuang
Zhuang er eit tai-kadai-språk som vert tala av zhuangfolk i regionane Guangxi og Lianshan i Folkerepublikken Kina av til saman rundt 14 000 000 menneske. Zhuang, som er eit tai-språk, og dermed i slekt med språk som thai og laotisk, er offisielt språk i begge desse regionane. Standardisert zhuang er basert på dialekten vert brukt i Wumeng fylke. Zhuang dannar eit dialektkontinuum med buyei.
Zhuang | ||
Klassifisering | Tai-kadai-språk Kam-tai-språk Be-tai-språk Tai-sek-språk Tai-språk Nordleg Zhuang | |
Bruk | ||
Tala i | Folkerepublikken Kina | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | za | |
ISO 639-2 | zha | |
ISO 639-3 | zha – zhuangccx – nordzhuangccy – sørzhuang
| |
Wikipedia på zhuang |
Tonespråk
endreZhuang er eit tonespråk med seks tonar i opne stavingar.
Nummer | Kontur | Skildring |
---|---|---|
1 | 24 | Stigande |
2 | 31 | Lågt fallande |
3 | 55 | Høgt nivå |
4 | 42 | Fallande |
5 | 35 | Høgt stigande |
6 | 33 | Midtnivå |
Språket har to tonar (høg og låg) i lukka stavingar.
Skriftsystem
endreI over tusen år vart zhuang skrive med logogram kalla sawndip, som vart lånt frå kinesisk skrift. I 1957 vart ein versjon av det latinske alfabetet med nokre spesialbokstavar teke i bruk for det nye, standardiserte zhuangspråket. Ei rettskrivingsreform i 1986 erstatta spesialbokstavane med vanlege bokstavar for å gjere det lettare å trykka tekstar på zhuang, og å bruke språket på datamaskinar.
Tabellane under samanliknar stavinga før og etter reforma i 1986.
|
|
Sjå og
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Zhuang (språk)» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2009.
Litteratur
endre- Wéi Qìngwěn 韦庆稳(黄现璠的学生), Tán Guóshēng 覃国生: Zhuàngyǔ jiǎnzhì 壮语简志 (Beijing, Mínzú chūbǎnshè 民族出版社 1980).
- Huang Xian Fan 黄现璠:Zhuang heile historie 壮族通史(Nanning, Guǎngxī mínzú chūbǎnshè 广西民族出版社 1988,ISBN 7-5363-0422-6/K-13.)
- Tán Xiǎoháng 覃晓航: Xiàndài Zhuàngyǔ 现代壮语 (Beijing, Mínzú chūbǎnshè 民族出版社 1995).
- Tán Guóshēng 覃国生: Zhuàngyǔ fāngyán gàilùn 壮语方言概论 (Nanning, Guǎngxī mínzú chūbǎnshè 广西民族出版社 1996).
- Liáng Tíngwàng 梁庭望 (ed.): Gǔ Zhuàngzì wénxiàn xuǎnzhù 古壮字文献选注 (Tiānjīn gǔjí chūbǎnshè 天津古籍出版社 1992).
- Zhāng Yuánshēng 张元生: Zhuàngzú rénmín de wénhuà yíchǎn – fāngkuài Zhuàngzì 壮族人民的文化遗产——方块壮字. In: Zhōngguó mínzú gǔ wénzì yánjiū 中国民族古文字研究 (Beijing, Zhōngguó shèhuì kēxué chūbǎnshè 中国社会科学出版社 1984).
- Lín Fāng 林方: Tán lìyòng gǔ Zhuàngzì yánjiū Guǎngxī Yuèyǔ fāngyán 谈利用古壮字研究广西粤语方言. In: Mínzú yǔwén 民族语文 2004.3:16–26.
- Gǔ Zhuàngzì zìdiǎn 古壮字字典 (Nanning, Guǎngxī mínzú chūbǎnshè 广西民族出版社 1989). Ordbok med gamle zhuang-tegn; inneheld 4 900 teikn og meir enn 10 000 variantar.
- Zhuàng-Hàn cíhuì 壮汉词汇 (Nanning, Guǎngxī mínzú chūbǎnshè广西民族出版社 1984).