Wikipedia:Ukens artikkel på nynorsk/Uke 37, 2023
Deep Purple er eit hardrockband som vart danna i 1968 i Hertford i England. Gruppa har ved sida av Black Sabbath og Led Zeppelin vorte rekna som pionerar innan hardrock og heavy metal, sjølv om somme bandmedlemmar hevdar at ein ikkje kan kategorisere musikken deira til ein enkelt sjanger. Det var ein gong oppført i Guinness Rekordbok som «det mest høglydte bandet i verda», og har selt over 100 millionar album på verdsbasis.
Bandet har gått gjennom mange endringar og ein åtte år lang pause (1976–84). Besetningane frå 1968 til 1976 vert ofte kalla Mark I, II, III og IV. Den andre og mest suksessrike besetninga var med Ian Gillan (vokal), Roger Glover (bass), Jon Lord (tangentinstrument), Ian Paice (trommer) og Ritchie Blackmore (gitar). Denne besetninga var aktiv frå 1969 til 1973, og igjen frå 1984 til 1989, samt i 1993, før gnissingane mellom Blackmore og dei andre medlemmane vart for store. Den noverande besetninga (med gitarist Steve Morse) har vore mykje meir stabil. Les meir …