Måleri av slaget ved Culloden.

Jakobittopprøret i 1745, også kjent som «Forty-five Rebellion» eller berre «The '45», var eit forsøk av Karl Edvard Stuart på å ta tilbake den britiske trona for far sin, Jakob Edvard Stuart. Oppreisten gjekk føre seg under den austerrikske arvefølgjekrigen, då det meste av den britiske hæren kriga på Kontinentet. Han blei likevel slått ned, og viste seg å vera det siste av jakobittopprøra som hadde byrja i 1689 med større utbrot i 1708, 1715 og 1719.

Karl byrja opprøret 19. august 1745 ved Glenfinnan i Det skotske høglandet. Han erobra Edinburgh og sigra i slaget ved Prestonpans i september. Ved eit rådsmøte i oktober gjekk skottane med på å invadera England etter at Karl gav dei forsikringar om solid støtte frå engelske jakobittar samstundes som franske troppar ville gjera landgang i Sør-England. Trass i ein siger ved Falkirk Muir i januar 1746, gjorde slaget ved Culloden i april slutt på opprøret og mykje av støtta for Stuart-saka. Les meir …

  NODES